BAdesKen og Rune Nilson oppsummerer 2025

Om arrangementet

HØYT OG LAVT – EN STATUSRAPPORT FRA NORGES RIKESTE LAND

Rune Nilson og Ken André Ottesen (BAdesKen) har slått seg saman for å fortelje deg korleis det eigentleg står til i Norges rikaste land. Den eine har begeistra radiolyttarar og tv-sjåarar med uforgløymelege karakterar og dialektar. Den andre har reist land og strand rundt og hausta latterkuler på scener både høgt og lavt i vårt langstrakte land. Samstundes som han har regjert på sosiale medie med lun humor frå lokalavisene. Felles for dei begge er at dei elskar Norge. På godt. Og litt på vondt. 

Ken André Ottesen/BAdesKen er totningen og avismannen som fekk utløp for si interesse for lokalnyheiter på Instagram. Han har ein av Norges største følgjerskarar i sosiale medie og dei får dagleg små gulldrypp fra alt som rører seg, i heile det fantastiske landet vårt. I over to år har han turnért med showet «Ja, vi elsker dette landet». 

Rune Nilson er mannen bak ei stemme du heilt sikkert har høyrt før. Han har leia nokre av Norge sine største radiosuksessar dei siste åra, blant anna Lønsj, Kolafei og Landsmøte på P1. I tillegg har han leia både Sommeråpent og "Ikke gjør dette hjemme" på NRK1. Gjennom kontakt med lyttarane har han lært over snittet mykje om den norske folkesjela – i tillegg til at han er heilt rå på norske dialektar.