Slik kjøper du FolkeFestivalPass

Dette passet gir det rabatt på dei 3 konsertane i MiniFolkeMusikkFestival-helga!
Om nøyaktig ei veke start festivalen, med avspel, og konsert med Erlend Viken Trio. Vi har totalt tre konsertar med inngangsbillett denne helga. Dersom du kjøper festivalpass til 550,- sparer du 50,- per konsert. Slik kjøper du festivalpasset:
 
1. Kjøp "Folkefestivalpass" på denne lenka:
    Du får då eit kortnr. og ein pin-kode som du treng vidare. 
2. Deretter går du inn i eBillett, du kjem dit også via vår nettside: https://www.fosnavagkonserthus.no/ 
3. På kvar enkelt konsert der (Erlend Viken Trio, Kvernberg & Bjørdal og Madam Jam) vel du billettkategorien "Folkefestivalpass" til kr 0,- ved å bruke kortnr. og pinkoda di.
 
Kanskje litt tungvint ;o) men det er den løysinga vi har fått til no. Det er jo ikkje SÅ vanleg med festival på våre kantar ;o) Ta kontakt med konserthusleiaren om du treng hjelp ☺️ Lukke til - og velkomen på konsert!
Publisert
10. april 2026
Skrevet av