Kulinarisk kino fredag 24. juni

Fosnavåg kino og Thon hotell Fosnavåg inviterer endeleg igjen til kulinarisk kino med 3-retters middag og ei filmperle. Filmperla er ein av 9 filmar som visast under Filmperlefestivalen i Fosnavåg denne veka. Billettsalet er i gong, og vi riggar til konsertsalen med runde bord og kvite dukar. Det blir servert bobler ved inngangen, og ein 3-retters middag vil bli servert i løpet av filmen. Billettsalet med mat blir avslutta søndag 19. juni
Billettar finn du her: https://bit.ly/3xWsLon
 
Kveldens meny:
Forrett: Tartiflette
Hovedrett: Coq au Vin
Dessert: Tarte Tatin
 
Vi er i Frankrike på 1700-talet. Ved byrjinga av den franske revolusjonen er gastronomi framleis eit privilegium for aristokratane. Når den talentfulle kokken Manceron blir oppsagd av hertugen av Chamfort, mistar han interessa for matlaging. Tilbake i herregarden hans får møtet med den mystiske Louise han på beina igjen. Det viser seg at dei begge med god grunn ber sterkt nag mot hertugen, men dei deler òg ei interesse for mat. Saman bestemmer dei seg for å laga den aller første restauranten i Frankrike. Denne delikate og appetittvekkande filmen innkapslar venleiken i kjøkkenet, enten det er å skape eller konsumere. Dette er ein komedie som gjer narr av aristokratane og livsstilen deira, der den verkelege stjerna i filmen er sjølve maten
Publisert
16. juni 2022
Skrevet av