Etter festivalen

Den første folkemusikkfestivalen i Fosnavåg er vel gjennomført, og gjengen i spelemannslaget Havella kan tørke harpiksen av strengane etter ei fole kjekk helg! Fosnavåg konserthus har vore med som arrangør frå starten, og vi har saman lyst å oppsummere helga i tillegg til det flottet stykket som lokalavisa hadde om avslutningsarrangementet på Runde søndagen. Så har du litt tid å lese, får du vite korleis dette fine samarbeidsprosjektet vart til og var tenkt, og korleis det gjekk til slutt.

Gjestane våre hadde det alle tiders, og skrytte av atmosfæren, konserthuset, hotellet, ungdomane og alle arrangementa vi hadde sett opp. Litt beskjedne brukte vi ordet ‘mini’ først i MiniFolkeMusikkFestival, noko som kanskje kunne oppfattast som at det var ein festival for barn. Det var det altså ikkje! Målgruppa var unge og vaksne. Og sluttresultatet vart ikkje på nokon måte mini ;o)

Bakgrunn

Musikalsk leiar i Havella, Andrine Longva Kopperstad, har gjennom mange år sett behovet for å fokusere på dei som har spelt ei stund. -Det finst mange kurs og samlingar for spelande og dansande born opp til 12-13 år. Etter det smuldrar det litt opp, og ein kan ofte sjå at interessa stagnerer. Det vil ikkje seie at tenåringen ikkje vil meir, heller motsatt. Dei vil vere der venene er, altså må vi skape arena der dei føler felleskap.

Landsfestival i gammaldans er årleg og er eit NM i gammaldans og tilhøyrande musikk. Under Landsfestivalen i Førde 2023 hadde gruppa Madam Jam sitt første plateslepp, og  Andrine kan fortelje at heile hallen kokte når dei sju musikarane frå Innlandet presenterte albumet  «Van danse». Dei treff godt, spesielt dei unge, når dei utforskar nye og spennande instrumenteringar i den norske tradisjonsmusikken. Ein dag sa Linn-Eli Kopperstad, mangeårig havelle, følgjande: - «Hadde det ikkje vore kult å berre fått dei hit?»

Parallelt hadde konserthusleiar Petter Ole Kopperstad gått å emna på temaet folkemusikk i konserthuset. Han hadde vore i dialog med Erlend Viken frå Oppdal, om han kunne tenke seg å kome til Fosnavåg. Eit folkemusikkarrangement stod allereie på blokka til Petter Ole når Andrine ville booke dato til Madam Jam. Eit ypperleg fordjupningstilbod for dei unge strykarane i Havella byrja å danne seg. -Det var vel eg som frå kladden gjerne ville bruke tittelen «MiniFolkeMusikkFestival», seier konserthusleiaren. -Mest fordi vi ikkje visste kor stort ein kunne tore å satse, ambisjonsnivået i starten måtte vere litt forsiktig sidan festival-erfaringa var om lag null ;o)

Målsetjing

For å skape ei samanhengande helg måtte vi ha fleire konsertar, meir aktivitet. Vi ville ha med dei profesjonelle utøvarane vi har i fylket. Jorun Marie Kvernberg (fele/vokal) og Kristina Farstad Bjørdal (accordion) takka ja til å kome. Dermed kunne vi starte annonseringa av konsertar med dei to, samt Madam Jam og Erlend Viken trio. Møtet mellom profesjonelle musikarar og lokale speleglade vart ein viktig suksessfaktor, og er også i tråd med visjon og rolle konserthuset har som arena.

Linn-Eli Kopperstad brenn for folkedansen og har over tre år vore pådrivar for Dans for unge vaksne, eit prosjekt med utspring frå Norsk senter for folkemusikk og folkedans si nye satsing «Dansespor». Målet er å skape meir folkedans i lokalmiljøa, noko vi treng her ute på ytre søre. Det har vore forsiktig oppslutning i Herøy hittil, medan i Ålesund og Volda er stoda noko anna. Så kom det ein stor og fin gjeng på kurset denne helga, og det er gledeleg!

Vidare inviterte vi alle spelemannslag og grupper i fylket og litt vidare utover fylkesgrensa. For å vekke interessa til spelemannslaga må ein også invitere til speling. Så laurdag føremiddag vart det spelekurs med Madam Jam, der deltakarane måtte øve på fire slåttar på førehand. Spelemannslaga fekk også tilbod om ulike konsertar dei kunne spele på, på institusjonane og på Runde Miljøsenter. På biblioteket ville vi naturleg nok ha folkeeventyr, og forteljarstund vart supplert med spel og dans. Kafégjestar på Madelynn Coffee fekk toradarmusikk attåt kaffen. Tilbodet for dei yngste vaks seg til eit flott og kjekt familiearrangement i lag med Opplev Runde på søndagen. Vi hadde sågar fleire idéar, både inne og ute, med tida vi hadde og dei gruppene som melde seg på, vart mengde og aktivitet til slutt passeleg denne festivalhelga. Og programmet vart altså ikkje mini, men meir maxi ;o)

Avspel

Såleis vart det altså festivalhelg og vi var klare for «kickoff». Fredagskvelden starta med ein workshop der alle i Havella, frå 7-66 år, øvde i lag med Erlend Viken trio og rappar Bjørn Tore Øvrelid aka Birdie Pirat. Havella har alltid søkt nye måtar å uttrykke speleglede, og no vart det altså Rap og Reinlender. Vi valde å bygge vidare på ein folketone frå Folkestad etter Audhild B. Øye. Dette vart ein fantastisk måte å knyte saman generasjonar, i vid forstand. Dei yngste song, medan dei eldste spela. Rapparen er van med trommer i sin «beat», men no fekk han fele, el-gitar og kontrabass i staden. Eit vellukka prosjekt, og saman med dei lokale bidraga i festivalen sitt såkalla «avspel» var det også litt informasjon om innslag gjennom helga og aktørarar som ein skulle få oppleve. Etter denne opninga fekk Erlend Viken sin trio briljere.

Spelekurs

Laurdag føremiddag var det altså spelekurs med Madam Jam for 20 påmeldte. Alle frå 14 år i Havella var med. I tillegg folk frå Øyraspel (Volda) og til og med ein frå Voss. Instrumenteringa var fele, trekkspel, toradar, tromme, bass og gitar. Deltakarane hadde øvd inn fire nummer: Partykongen, Melankolsk reinlender, Kveldsseto og Sjarmør’n. Alle songane komponert av Steinar Odde, arrangert av Bjørn Kåre Odde. Ei veldig inspirerande stund!

Folkeeventyr på biblioteket

I tråd med kommuna si satsing på eit levande bibliotek, fekk vi Sølvi Nerem Berg inn som forteljar. Vilde Hjelseth Vatnehol (10) frå Ålesund spelemannslag vart spurt om å vise Springdans frå Nordre Sunnmøre. Dette er ein bygdedans vi ofte har sett på fylkeskappleikar, og det er ganske spesielt at ei jente i så ung alder meistrar dette. Med seg hadde ho Helene Gjerde, også frå Ålesund Spelemannslag. Musikar på fele var Britt Elise Skram frå Vestnes, mangeårig leiar i spelemannslaget «Dåm og Drag». Skram er ei av dei som  forvaltar slåtteskatten i fylket vårt med sin heilt eigenarta sound, med eit særs truverdig uttrykk.

Festival til alle!

Omsorgsenteret fekk besøk av «UL Ivar Asen». Det er ikkje kvardagskost med hardingfele i Herøy, så veldig kjekt å kunne presentere dette spelemannslaget frå Ålesund for dei eldre. Hardingfelelaget vart leia av meisterspelemann frå Valdres, Jan Beitohaugen Granli. Dei spelte runddansar og bygdedansar.

Eggesbøtun fekk besøk av Valldal spelemannslag. Valldal er eit lag med lang fartstid. og hadde for anledninga  Solveig Eide Grønninsæter til musikalsk leiar. Solveig er ein ung lovande folkemusikar som vi kjem til å høyre mykje av i framtida. Med desse to besøka laurdag ettermiddag vart festivalen for alle – og for alle aldrar. Vi har allereie nemnt dansekurset, og familiearrangementet i samarbeid med Opplev Runde har fått fin omtale. Laurdag hadde vi også ein ettermiddagskonsert med Jorun Marie Kvernberg og Kristina Farstad Bjørdal som var aldeles vakker! Og det kan vi trygt seie fordi at det var det publikum som var der sa.

Så kom laurdagskvelden med konsert og dansegolv og enda meir speling. Mykje folk ved borda og mykje danseplass. Dei som var på dansekurs fekk praktisere innøvde trinn og dei som var på spelekurs fekk skine på scena saman med Madam Jam (foto: Håkon Vestnes). Kvelden vart lang og varm ;o) Og varm er også takka frå arrangørane til: tilreisande og fastbuande, unge og gamle, profesjonelle og amatørar, hjelparar og aktørar, publikum og sponsorar!

 

Med ei vennleg komitéhelsing frå

Andrine, Petter Ole, Linn-Eli, Ola og Torgrim

Publisert
28. april 2026
Skrevet av