LunsjKonsert: Hytt og pine band

Om arrangementet

Vi gjentek suksessen med lunsjkonsertar for alle som har lyst og høve til å samlast om musikk og hygge på dagtid i Fosnavåg!

Vi spanderer den gode musikken, og DU kan på førehand kjøpe deg fiskesuppe lunsj (frist fredag 9. oktober) via eBillett her samstundes som du kjøper billett. Frå vi opnar dørene kl. 12 kan du også kjøpe vafler og kaffe og nyte ved småborda. Vi skrur vi på musikken kl. 13. Ingen øvre eller nedre aldersgrense ;o)

Hytt og pine band stiller med følgande besetning: Odd-Egil Igesund, Ragnar Ørstavik, Magnar Kvamme, Svein Røren, Atle Leine og Kjell Arne Leine.

Hytt & Pine Band kjem frå Fosnavåg på Sunnmøre og har som målsetjing å gjere spelejobbane til ei trivelig stund for seg sjølve og publikum. Bandet består av nokre godt vaksne "ungdommar" - alle glade amatørar med godt humør og glimt i auget.
-Vi har klart å skape vår eigen stil og sound. Musikken vi spelar er god og variert dansemusikk som 50-90-tals pop, rock, country og meir. Namnet kan nok for nokre virke litt rart, men det er med det som så mykje anna, det har sin spesielle bakgrunn. Kanskje får vi høyrer historia? Gamle og nye bandmedlemmar er iallfall i full sving med øving omlag kvar veke.  

Til desse lunsjkonsertane har vi tidlegare hatt Kjell Elvis på besøk i 2025, og i høve 10-årsjubileet var det "Love Experience" som stod på scena, medan vi hadde både Elvis og Beatles i foajéen første gongen tilbake i 2023.