Ålesund Strykekvartett og Marius Noss Gundersen
Billettar
Om arrangementet
Brasil og stryk!
Vinteren 2022/23 spelte Marius Noss Gundersen inn sitt tredje og siste album med musikk av den brasilianske komponisten Marco Pereira. Albumet markerte avslutninga på hans treårige arbeidsstipend frå Statens kunstnerstipend, som gav Marius muligheita til å fordjupe seg i brasiliansk musikk og Pereiras musikalske univers.
«Irene», stykket for gitar og strykeensemble frå Marius sitt tredje album med kammermusikk av Marco Pereira, har vore ei stor inspirasjonskjelde når han har komponert ny musikk for gitar og strykekvartett. Denne kombinasjonen av eigenkomponert musikk og brasilianske perler dannar utgangspunktet for konsertane med Ålesund Strykekvartett.
Dette blir første gong Marius spelar med Ålesund Strykekvartett, men forbindelsen går langt tilbake. Cellisten i kvartetten, Samuel Skrede, studerte saman med Marius på Guildhall School of Music and Drama i London ved årtusenskiftet. Etter mange år med eigne prosjekt møtast dei no igjen på scenea, i eit musikalsk møte som kombinerer klassisk gitar og strykekvartett, ei sjeldan besetning innan klassisk musikk.
Repertoaret byr på en blanding av ny norsk tonal musikk signert Marius Noss Gundersen og brasilianske perler frå Marco Pereira, framført med varme, energi og ein unik klangleg palett. Samspelet mellom gitar og strykarar, kombinert med Marius si dobbeltrolle som både komponist og utøvar, gir konserten eit særpreg som både musikarar og publikum vil kjenne igjen som noko helt spesielt.
Marius Noss Gundersen, klassisk gitarist med en unik kunstnerisk signatur
Marius Noss Gundersen er ein av Norge sine fremste klassiske gitaristar, kjend for si evne til å sameine europeisk musikktradisjon med brasilianske rytmer. Repertoaret spenner frå barokk til bossa nova, og hans virtuose spel og formidlingsevne har begeistra både publikum og kritikarar.
Han har motteke ei rekkje utmerkingar og vunne prisar i internasjonale konkurransar. I perioden 2019–2022 hadde han eit treårig arbeidsstipend frå Statens kunstnerstipend for å fordjupe seg i musikken til den brasilianske komponisten Marco Pereira. Som utøvar har han spelt over store delar av Europa, samt i Mexico, Brasil og USA.
Marius har samarbeida med framståande musikarar som Sven Lundestad, Tora Augestad, Dag Einar Eilertsen, Trond Magne Brekka, Frida Fredrikke Waaler Wærvågen og Kongelig Norsk Marines musikkorps. Han utgjer også den kritikarroste gitarduoen Duo Gvito saman med Gjermund Titlestad, eit samarbeid som har vart sidan 1998.
Ei rekkje norske komponister, blant dei Ketil Bjørnstad, Lars Horntveth, Magnar Heimdal, Kjell Marcussen, Sven Lyder Kahrs og Eivind Buene, har skrive musikk til Marius som han har urframført. I tillegg til sitt virke som utøvande musikar er han ein aktiv komponist, utdanna ved Norges musikkhøgskole. Hans musikk for klassisk gitar framførast jamnleg i Norge og internasjonalt, og har motteke strålande kritikkar.
Med sin særeigne kombinasjon av eigenkomponert musikk og brasilianske verk byr Marius på konsertar som er både nyskapande og tilgjengelege. Hans evne til å binde musikken saman med innsiktsfulle refleksjonar og engasjerande formidling gjer kvar framføring til ein heilskapleg oppleving.
Ålesund Strykekvartett består av:
Ai-Ling Chiu, fiolin
Anne-Randi Håheim Nilsen, fiolin
Linda Bønes, bratsj
Samuel Skrede, cello