Afterrun show
Billettar
Om arrangementet
Heilaften show laurdag kveld etter Fyr til fyr-løpet!
Førebels program:
kl. 21: Premieutdeling & Stand-up med Oskar Fjørtoft Sandanger
kl. 22.00: Konsert med Daniel Kvammen
ca. 2315: DJ Sarah Vestrheim i konsertsalen
Småbord unummerert, utdeling av band ved framvising av billett i døra. Ungdom under 18 år i følgje med føresette, får eigen farge på band. Thon har bar nede, og vi vil samle folk nede i konsertsalen, og med litt mingling i foajéen nede. Billettsalget startar torsdag 14. mai kl. 14.00. Éin billett for heile kvelden - Som har både show, live-musikk, dansemusikk og mingling! Dette blir ein bra combo!
Daniel Kvammen har sidan debuten i 2015 etablert som ei av dei mest markante stemmene i norsk pop. Med over 45 millionar strøymingar, ein Spelemannspris, Målprisen og ei rekkje radiosinglar har han gjort seg kjend for sitt stekre personleeg uttrykk - reindyrka pop på hallingdialekt. Frå gjennombrotet med "Du fortenar ein som meg" til det kritikarroste albumet "Guta som gret" har Kvammen levert låtar som både rører og engasjerer.
I Kvammen sitt musikalske univers møtest bygda, byen og tenåringsangsten i eit poetisk og fengande uttrykk. Han har samarbeidd med namn som Lars Vaular, Gabierlle, Eva Weel Skram og Hellbillies, og skapt musikk som balanserer det sårbare og det storslåtte. Med si unike formidlingsevne og sitt nære språk har Daniel Kvammen blitt eit folkekjært namn, og ein artist som verkeleg har funne si ega stemme - ein stad mellom det hjartevarme og det allsangvennlege.
