Generalprøve - YHU Grand Prix

Om arrangementet

Grand Prix for Ytre Herøy ungdomsskule

Ytre Herøy ungdomsskule presenterer for andre gong Grand Prix! Dette er eit show der målet er at alle elevar i alle klassene skal vere med på scena. Kvar klasse presenterer eit bidrag med eigevalt tema, sjølvlaga tekst, sceneshow og song. Ein jury vurderer innslaga og kårar til slutt ein vinnar. 

Formålet med Grand Prix er å styrke skule- og klassemiljøet ytterlegare, ved å skape noko saman. Dørene opnar kl. 17.30. Kiosksal i pausen.

 

Utsolgt til torsdagskvelden. Er lagt ut billettar til generalprøva som er presis kl. 12 på dagen, med skulelevar m.m. i salen.