ViseKveld i Sjøbuda på Herøy gard
Billettar
Om arrangementet
med Silje, Einar, John André og Anine!
Konserthuset testar i samarbeid med Herøy gard/kystmuseum ut eit nytt konsept med ein koseleg ViseKveld i Sjøbuda på Herøy gard. Planen er god mat, god visemusikk, god stemning og gode historier. Dette blir også ein tjuvstart på ViseWeekend som kjem 29-31. januar!
Men denne august-kvelden i Sjøbuda på Herøy gard kjem altså først. Vi legg ut kun 45 billettar, som inkluderer rekeaften OG musikk. Vise-sjangeren rommar mykje, og vi startar med lokale songarar:
- Silje Gjelseth
- Einar Örn Einarsson
- John André Nærø
- Anine Leine Lerø
Billettsalget er igong. Og blir det fullt så er det fullt - og kanskje litt trangt ;o) Dette er uansett tenkt som litt intim-konsert og veldig triveleg. Det blir enkel lydrigg med våre eigne folk som musikarar: Arve Voldsund på gitar og Torgrim Skjerdal på tangentar. Her skal det bli viser som passar til klukkinga frå salt sjø.
