Tonje Glimmerdal
Billettar
Om arrangementet
Ei juleforestilling med fart og sjølvtillit!
Alle likar Tonje, unntatt den kyniske business-campingplass-eigaren Klaus. Han likar ikkje born i det heile teke og har innført forbod mot born på det han kallar ”Hagen-Helsecamping”. Tonje sin bestevenn er gamle Gunnvald, ein bisk felespelar på over sytti år. Dei to kjenner kvarandre ut og inn – eller gjer dei eigentleg det? Ein dag då Gunnvald er på sjukehuset med broten fot, forstår Tonje at Gunnvald har ein stor løyndom han ikkje har røpt for bestevennen sin. Brått får Tonje mangt å rydde opp i, og det blir ein kamp for å berge lykka og feletonane for verdas beste bestevenn, godt hjelpt av mottoet: 'Fart og sjølvtillit'."
Tonje er ikkje ei jente som gjev opp lett. Ho veit å ta ting i eigne hender og forvandle det vonde til noko godt. Det er ikkje gjort på ein, to, tre. Ho er snart ti år gamal, og så klok og så smart at ein skulle tru ho var hundre! Vil Tonje rekke å ordne opp i alle problema før julefreden kan senke seg?
Tonje Glimmerdal på Teatret Vårt er ei heilt ny forestilling basert på den kjende og godt likte romanen. Kjersti Sandal har skrive ein nær og stemningsrik versjon som finn stad i julehøgtida. Carina Furseth spelar Tonje Glimmerdal med varme, humor og action i denne spektakulære forestillingen. Sindre Klykken har skrive musikken, akkompagnert på fele av Brit Elise Skram, medan scenograf Dagny Drage Kleiva har trylla fram ei leiken og fantasifull verd som vil fenge og fortrylle publikum.
Maria Parr frå Vanylven i Møre og Romsdal har blitt ei superstjerne i moderne barnelitteratur, og det var gjennom boka om Tonje Glimmerdal ho fekk sitt store gjennombrot. Ein bør unne ungane sine eit besøk i Glimmerdalen!», står det i bokomtalen. Boka fekk både Kritikarprisen, Teskjekjerringprisen og Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok 2009. Maria Parr har også blitt samanlikna med Astrid Lindgren, og er i 2024 nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris for boka Oscar og eg.
Bli med på ei varm og actionfylt førjulstid i Glimmerdalen.
Vi er veldig glade for å få vise denne framsyninga så tett etter premieren, og som det aller siste arrangementet i vår JUBILEUMSHAUST! Tusen takk til Teatret Vårt for at vi fekk til det; Vi trur og håpar at dette blir ei fantastisk fin oppleving for mange born og familiar like før jul!
Av
Maria Parr
Dramatisering og regi
Kjersti Sandal
Scenograf og kostymedesignar
Dagny Drage Kleiva
Komponist og musikar
Sindre Klykken
Musikar
Britt Elise Skram
Maskør
Maren Togstad
Medverkande
Carina Furseth, Sara Fellman, Peder Lauvås, Lars Rydjord Melsæter