Flashback to the 80s

Om arrangementet

Dei tre kora "Taretausene" frå Giske, "Tolvtetten" frå Herøy og "aChoir" frå Brattvåg har gått saman for å gi deg eit heidundrande flashback til den gode musikken frå 80-talet. Her vil du få låtar som Kyrie, Man in the mirror, You're the voice, Eye of the tiger, I wanna dance with somebody og mange fleire. I tillegg til at kora vil synge åleine blir det også fleire fellesnummer. Det er med band og blåserekke i tillegg til fleire solistar frå dei ulike kora. Finn gjerne fram favorittantrekket frå 80-talet og gjenopplev den gode stemninga.

I bandet:
Jan Gunnar Åkre - keyboard
Ketil Strand - gitar
Lars Øverås - bass
Bjørn A Skjelten - trommer
Vegard K Holum - trompet
Trygve Rypestøl - saksofon
Magnus M Joelson - trombone

Taretausene
Koret starta i 1999 med eit knippe unge damer frå Godøya som ønska seg eit kor meir enn mykje anna. I dag har dei medlemmar busett på alle øyenepå Giske frå Ellingsøya og frå Ålesund. I løpet av åra har koret utvikla seg i takt med sine forskjellige dirigenter. Richard Powell, Grethe Kielland, Jostein Maude, Solveig Håvik og ikkje minst 1. sopran og superreserve Ina Furnes, har alle vore med å forme koridentiteten. Den siste til å sette sitt særpreg på Taretausene er noverande dirigent, Ingvild Nautvik. Taretausene har fleire gonger gjesta det store utland. Reading i England, Budapest, Dublin, Italia, Istanbul og Stockholm har vore spennande både reise-og sangmål.

Tolvtetten
Tolvtetten vart starta i 1981 og er eit blandakor med omlag 25 medlemmar frå Herøy og Sande, med base i Fosnavåg.
Unni Kvamme og Bjørn Holum har sidan 1984 skifta på å vere dirigent eller synge i koret. Dei store oppsetningane og showa koret har hatt desse åra har dei planlagt og samarbeidd om når det gjeld manus, songutval og arrangering. Dei 25 siste åra har Unni vore dirigent.

Koret har hatt mange spennande samarbeid. Her kan vi nemne: The Brazz Brothers, Vazelina Bilopphøggers, Beate S. Lech, Ytre Suløens Jazzensemble, Jon Lotterud/Trond Nagel Dahl, Hanne Krog/Johnny Logan, Rune Larsen, Maria Arredondo/Torstein Søland, Ulstein Storband og MixMaster Storband i tillegg til ulike samarbeid i Herøy og andre kommunar.

Tolvtetten likar å synge stoff frå mange sjangrar og opptrer gjerne både i kyrkja, på bedehus eller på konserthus. I tillegg til fleire ulike show, har koret også hatt eigne kyrkjekonsertar. Det siste store prosjektet dei hadde var Funky12tetten der dei tolka songane til kjende artistar som Stevie Wonder, Al Jarreau, Michael Jackson, Toto, Earth Wind and Fire, Whitney Houston, Chaka Khan m.fl. Her hadde dei med fullt band og blåserekke.

På jubileumskonserten i oktober 2022 framførte koret eit tverrsnitt av den musikken dei har jobba med desse 41 åra. I desember hadde koret ein eigen julekonsert og i mai 2023 deltok Tolvtetten på ein hyllest av Joni Mitchell sin musikk saman med stort orkester og ulike solistar. No ser dei fram til å vere med på å hylle 80-talsmusikken i mars 2024 saman med aChoir og Taretausene.  

aChoir
aChoir er eit kor som syng rytmisk moderne musikk som pop og rock, men dei går ikkje av vegen for å synge både viser, salmer og klassiske verk. Koret har medlemmer frå distriktet dvs. Hildre, Brattvåg, Haramsøy, Flemsøy/Skuløy,  Søvik, Tennfjord, Vatne, Tomrefjord og Ålesund.

Våren 2016 bytta BrattvågKoret namn til aChoir. aChoir vart stifta hausten 1936, då under namnet Brattvåg songarlag.
Peder Måseide var eldsjela og dirigent for det nystarta koret. Bygda Brattvåg vart grunnlagt i 1911, og  korsangen kom tidlig med i det nye bygdesamfunnet. Alt i 1915 var det eit lite kor av 16-17 ungdommar under leiing av Olav Sønderland. I perioden 1932-35 var det eit mannskor i bygda med Marius Finnøy som dirigent. Dette koret tok Peder Måseide over. Tidleg i 1936 var det slutt på mannskoret, og hausten same år vart Brattvåg songarlag stifta. I 2003 skifta koret namn til BrattvågKoret.

aChoir er medlem i Norges korforbund og har arrangert 4 songarstemne i Brattvåg: I 1964, 1985, 1990 og 2007