The Greatest Show 2022

Om arrangementet

Herøy kulturskule og Birgitte Vik Wymer sine songelevar ynskjer å ta publikum med på ei musikalsk reise med både moderne låtar og gode gamle slagerar heilt tilbake til 40-talet med «Boogie Boogie Boy» og «Stupid Cupid».

Det blir noko for ein kvar smak med musikk frå ulike epoker som t.d. «Fingers crossed», «The One That Got Away», samt musikk av ABBA med «Chiquita» og «Fernando».

Elevane har jobba lenge med dette programmet og mange av låtane er øvd inn med fleire stemmer og harmoniar. Vi gler oss til å presentere det til publikum på den flotte scena i Fosnavåg konserthus, og vi takkar Olympic kulturfond som gjer det mulig!