The Greatest Show - Old and New

Om arrangementet

Herøy kulturskule inviterer publikum med på ei reise med mange høgdepunkt frå musikkhistoria.

The Greatest Show 2021! 
Vi gler oss til å invitere til show og ei musikalsk reise der publikum får oppleve songar for ein kvar smak: Musikalar, popmusikk, og gamle gode slagarar!!

The Greatest Show 2021 blir med elevar som går på song i Herøy kulturskule og har invitert med seg elevar som går på dans og musikk i tillegg. 
På grunn av tilpasning til smittevernreglane har vi delt opp showet i to: Vi startar kl 16:00 med dei yngste elevane, og kl 19:00 med dei eldste. På denne måten blir det god plass i salen til å invitere heile familia med.

Vi takkar Olympic kulturfond som støttar denne konserten

Vi gler oss til å vise fram kva elevane har jobba med dei siste månadane!