Terje Sporsem - Absolute norsk

Om arrangementet

- eit show om verdas aller-aller beste land.

Terje Sporsem er tilbake med eit standupshow der han skal prøve å finna essensen av Noreg. Kva vil det eigentleg seia å vera norsk? Er vi framleis blåøyde lykkejegarar eller har olja gjort oss til stappmette verdsborgarar? Med eit humoristisk skråblikk på nordmenn, norsk historie og notid vil Terje prøva å nærma seg svaret på kva som gjer oss «Absolute norsk».

Dette er Terje sitt fjerde soloshow - og har premiere i hans 25-års jubileum som komikar. Hans tidlegare show har gjort stor suksess på både scene og skjerm, og har plassert Terje som ein av landets fremste og mest samfunnsengasjerte komikarar.

Regi: Arvid Ones