Teigetue-tonar: Daniel Kvammen
Billettar
Om arrangementet
Utekonsert på Teigetua som avslutning på Fyr til fyr-helga!
Vi kryssar fingrane for godt ver for alle som skal springe løpet laurdag, i tillegg til konserten vår søndag. Det kan sjå ut som det blir ein del regn, men ikkje så mykje vind. Vi tek vår avgjerdsle onsdag, og vil informere på våre nettsider dersom vi må bruke vår gode backup-løysing som er inne i konsertsalen. Uansett håpar vi at denne konserten blir ei finfin avslutning på Fyr til fyr-helga!
Kvammen har spelt konsertar på alt frå landets største festivalar til ein mykje omtalt hytte-turné på Hardangervidda. Frå Gaustadtoppen til Rockefeller. Ulike format, men alltid samme tilstadevering for eit stadig veksande publikum. Kvammen sine låtar har vist seg like sterke, anten dei blir framførte med fullt band, som nedstrippa trio-variant eller framført av den folkekjære artisten åleine. Og det siste kan du no altså få oppleve i det fri under open himmel.
Dei siste åra har Daniel både gitt ut albumet "Guta som gret" og «Absolutt Klining». «Guta som gret» er ei skive som leverte ikkje mindre enn seks radiosinglar og draumesamarbeid med både Gabrielle, Aslag Haugen frå Hellbillies og Amanda Bergman frå Amason. På «Absolutt klining» samla Kvammen mykje frå sin allereie store låtkatalog i eit meir akustisk format. På konsertane live kan ein forvente ei god rekkje hits frå heile Daniel si karriere! Slik også på Teigetua søndag 22. juni, dagen før jonsok. Tenk om det blir lummert, fint ver med vakker soldnedgang på alle bileta og musikk som kiler i øyro!
PARKERING: Alle må planlegge å gå frå bygda til toppen, ein bør rekne minst 1 time, og helst ta seg ekstra god tid og kanskje legge inn ein liten fjelltur. Vi har avtalar om at folk får parkere på Nerlandsøy bedehus, Nerlandsøy skule, og ved tidlegare Joker-butikken, som også har eit gruslagt område ved sjøen som vi får disponere. Veldig kjekt med positive folk, det same gjeld grendalag og grunneigarlag i tillegg til Telenor.
Vi understrekar at det er viktig med hensyn til natur og dyr og kvarandre. Og ja, vi må ha billettsalg også for konsertar ute i det fri. Billettsalget har gått godt, og det blir også høve til å kjøpe billettar i porten. Men vi oppfordrar folk til å kjøpe billettar på førehand på nett eller i kinokiosken. Dette kan bli spektakulært!
Foto: Simon Skreddernes