Danse med skjebnen - Teatret Vårt
Billettar
Om arrangementet
Musikalsk reise basert på låtene til Dance With a Stranger
Mannen kom akkurat for seint til avgang. Kvinna fyller opp kiosken sjølv om kundane er borte. Og ferjemannen dirigerer ei ferjekø tom for bilar. Det oppstår både humoristiske og underlege situasjonar når deira gjentekne forsøk på å reise vidare stadig vert avbrotne.
I det nedlagte venteromet har eit band blitt sitande lenge og nesten blitt ein del av inventaret. Gradvis finn dei tilbake til samspelet når dei tre ukjende kjem inn og byrjar å nøste i musikalske minne.
Danse med skjebnen er ei reise inn i eit mystisk og musikalsk univers der det kan vere uklart kva som er draum og kva som er virkelighet. Stykket handlar om små forventningar som ikkje blir innfridde, og korleis ein kan kome seg vidare når alt virkar mørkt.
Dance With a Stranger sine låtar og musikk er ryggrada i musikkteaterstykket Danse med skjebnen. Med sine folkekjære hits og tre spelemannprisar, er Dance With a Stranger ein del av nordmørsk og norsk musikkhistorie. I Danse med skjebnen er låtane gjendikta til dialekt av Eli Stålhand, og Vidar Kvalshaug har skrive ei ny fortelling.
Regi
Hanne Tømta
Tekst
Vidar Kvalshaug
Oversettelse sangtekster
Eli Stålhand
Scenografi og kostymedesign
Nora Furuholmen
Lysdesign
Jonas P A Fuglseth
Koreografi
Eli Stålhand
Musikalsk ansvarlig
Rune Tylden og Simon Revholt
Medvirkende
Eli Stålhand, Lars Melsæter Rydjord, Svein Solenes
Tangenter/kapellmester
Rune Tylden
Gitar
Øystein Sandbukt
Bass
Sindre Klykken
Perkusjon
Jo Inge Nes