Susanne Lundeng trio

Om arrangementet

Susanne Lundeng har med forankring i nordnorsk folkemusikk utvikla seg til ein særprega felespelar, komponist, songar og musikalsk fritenkar, og har m.a. hausta ein Spellemannpris i folkemusikk for utgjevinga si «111 Nordlandsslåttar» og er ein av Noregs mest meritterte folkemusikarar, aktiv i meir enn 30 år.

Susanne Lundeng Trio er aktuell med albumet «HOLD DÆ PÅ VINGAN» (februar 2020)

I samspelet med jazzmusikarane Nils-Olav Johansen og Erik Nylander (Susanne Lundeng Trio) oppstår eit leikent og ekspressivt ensemblespel, farga av tradisjonell musikk frå heile verda i ein symbiose av jazz, viser og nordnorsk folkemusikk. Konsertane blir ofte omtalte som lett, leikent og lystig, samtidig som det er stormfullt og rørande, intenst og rått.

Sjå Susanne Lundeng på YouTube:
https://youtu.be/Qx5afyu9Gmo
https://youtu.be/oErYy5hcqMA
https://youtu.be/gJAzpmiRKBs