The International Festival Ballet: "NØTTEKNEKKEREN"

Om arrangementet

Opplev NØTTEKNEKKEREN i levande live i Fosnavåg framført av International Festival Ballet!

I år kjem dei med to ulike framsyningar:
Torsdag 17. november: Svanesjøen
Fredag 18. november: Nøtteknekkeren

International Festival Ballet presenterer NØTTEKNEKKEREN. Ein fryd av venleik, eleganse og ynde

Musikk: Pyotr I. Tsjaikovskij
Koreografi: M. Petipa og L. Ivanov
Libretto av I. Vsevolozhsky og M. Petipa
Scenografi og kostyme av Vyacheslav Okunev (Mariinsky Theatre, St. Petersburg)
Kunstnerisk leier Alexander Abaturov

Sjokkert og påvirka av Russland sin krig med umenneskeleg aggresjon mot Ukraina, endra det berømte ballettkompaniet namnet sitt frå St. Petersburg Festival Ballet til International Festival Ballet.

I over hundre år har Nøtteknekkeren vore ein av dei mest populære ballettane. Tsjaikovskij sin musikk tar oss med til eit juleeventyrland. Talrike ballettkompani rundt om i verda framfører denne berømte balletten kvart år i vintermånadane. Både barn og vaksne ser fram til å delta på ei magisk framsyning av Nøtteknekkeren kvar jul.

Den første framsyninga av balletten skjedde 18. desember 1892, på Imperial Mariinsky Theatre i St. Petersburg. For det var der den berømte russiske balletten blei etablert av Marius Petipa (1818 - 1910). Dei starta opp i 2009 for å representere dei beste tradisjonane i St. Petersburg-balletten.

Mange av artistane i dette ensemblet er rekruttert frå Vaganova-skulen som realiserar alle elementa i klassisk ballett. Kostyma og kulissane til Festivalballetten kopierer dei gamle tradisjonanene og den kongelege prakten, medan dei uforgløymelege framsyningane kombinerer streng klassisk eleganse med modernitet frå det tjueførste århundre.

International Festival Ballet gjenspeglar ånda, elegansen og ynden til den historiske byen den kjem frå i kombinasjon med kongeleg prakt av kulisser og kostyme av den verdskjente scenograf- og kostymedesignaren Vyacheslav Okunev (Bolshoi Theatre, Mariinsky Theatre, La Scala)

I løpet av dei siste ti åra har International Festival Ballet med stor suksess turnert på dei største scenene i Europa i land som Tyskland, Austerrike, Italia, Spania, Finland, Sverige, Noreg, Polen, Island, Tsjekkia, Ungarn, Kroatia , Slovakia.

Ypperlege solistar og dansarar, fantastisk scenografi og kostyme kombinert med ein storslått lysdesign og fantastisk Tsjaikovskij-musikk, det er kva International Festival Ballet tilbyr ballettelskarar over heile verda.