Sissel Kyrkjebø: Reflections

Om arrangementet

Sissel kjem til Fosnavåg konserthus med det store musikkprosjektet sitt «Reflection» Det er kun 6 spelestader i Noreg på denne turneen: Trondheim, Drammen, Hamar, Nordfjordeid, Fosnavåg og Bergen. Forutan artisten sjølv har ho 3 musikarar på scena: Tim Carmon, Johnny Sjo og Bernt Rune Stray.

Reflections er eit prosjekt som starta i 2019. Sissel fyllte då 50 år, og frå 26. mai dette året starta ho løpet med å gi ut 52 låtar, éi kvar veke. Dette er nye innspelingar av tidlause musikk som strekker seg frå 1920 – talet og fram til i dag: det er kjærleikssongar (love songs), standardlåtar, gospellåtar o.l. Felles for dei alle er at dei blir framført på engelsk, og har tekst som omhandlar våre ulike sinnstemningar: glede, kjærleik, forelskelse, tristhet, å lengta etter noko eller nokon. I tillegg til låtutgivelsane vart det òg laga 52 musikkvideoar / intervjuvideoar som kommenterte
kvar låt.

«Etter å ha jobba i studio med 52 songar og laga 52 musikkvideoar gler eg meg til å endeleg kunne presentere eit utdrag frå mitt Reflectionsprosjekt live. Det blir sett opp konsert på berre seks nøye utvalde konsertstadar i Noreg», fortel Sissel.

Kombinasjonen av Sissel sin oppsiktsvekkande stemme og formidlingsevne har gjort henne til ein svært ettertrakta artist over store delar av verda. Hennar unike sceneutstråling gjer at publikum føler at ho syng direkte til deg, og berre deg. Sidan Sissel slapp det første soloalbumet sitt som 16-åring har ho hatt ein enorm suksess i både inn- og utland, og i Noreg blir stemma hennar omtalt som ein nasjonalskatt. Gjennom ein lang karriere har
ho samarbeidd med artistar som Diana Krall, Placido Domingo, Warren G, Bryn Terfel og José Carreras for å nemne nokon. Sissel si stemme er òg sterkt forbunden med storfilmar som Titanic og Ringenes Herre, og ho har stått på dei største scenene i inn- og utland, TVprogram, plate- og CD-innspillinger, og store juleturnear i heile Norden.