SiSi & The Bywaymen

Om arrangementet

Brygge-konsert med country!

Vi gjer klart for ute/inne-konsert med SiSi & The Bywaymen i fosnavåg siste fredagen i mai, og gler oss veldig til det! På programmet står det songar av Johnny Cash, Kris Kristofferson, John Prine m.fl. Dei som var publikum på Country-aftan i januar vil kjenne igjen dei to deltakarane Sindre Løvik og Sigrid Tønnesen, som her altså har fått med seg gutta i bandet og gitt dei namnet "The Bywaymen". Dei som ikkje var der, får no ein ny sjanse. Og dei som var publikum når same gjengen hadde konsert i mars i ei fullsett Hjørundfjord kyrkje kan anbefale denne konserten!

NB! Vi gjer merksam på at konserten blir ute dersom fint ver - og så flyttar vi arrangementet inn i konsertsalen dersom det blir for dårleg ver for musikk og lyd. Uansett blir det god stemning og småbord (unummererte plassar). Vi arrangerer i samarbeid med Thon Hotel Fosnavåg som vil stå for servering av drikke. Uteområde = nede på kaia mellom konserthuset og Thon sin restaurant.

SiSi =

Sigrid Tønnesen (1. Si) er frå Volda og har hatt interesse for song og musikk heilt frå barndomen og ho har sunge i fleire lokale kor og band. I tillegg til song spelar ho både gitar, piano og munnspel. Sigrid skriv også dikt og det kan hende ein får høyre eit dikt eller to på konserten.

Sindre Løvik (2. Si) frå Dalsfjord har i over 30 år drive som pub-musikar og visesongar, åleine, og i lag med andre. Dei siste 15 åra har han fått gode kritikkar for si tolking av Johnny Cash sine songar. Dei siste åra har Sigrid og Sindre, både som duo og med band, hatt konsertar og opptredd med dikt/musikk fleire stader på Møre. Kritikken er udelt god.

The Bywaymen er ein gjeng kjekke karar frå Herøy: Arve Voldsund på el-gitar, Vegard Voldsund på trommer, Geir Idar Knotten på el-bass og Yngve Sævik (vikar Sigbjørn Mork denne gongen) på tangentar. Desse dyktige musikarane spelar ulike typar musikk, men er glade i country. SiSi møtte dei altså på "Country-aftan” i Fosnavåg i januar (Opa scene vol. 3) noko som gav meirsmak til vidare musikalsk samarbeid. Sist, men ikkje minst: SiSi har også denne kvelden med seg Ove Aksnes (ikkje tilstade då biletet vart teke) på el-gitar. Ove, også frå Dalsfjord, har drive med musikk stort sett heile livet, og har i mange år vore med som gitarist på fleire av Sigrid og Sindre sine konsertar. Dei ser fram til ein hyggeleg kveld med mykje folk og god musikk!