Siril Malmedal Hauge - "Slowly, slowly"

Om arrangementet

Siril Malmedal Hauge frå Langevåg er ei spennande stemme på det norske jazzfirmamentet

Siril Malmedal Hauge komponerer musikk som rører og fengjer. Ho har allereie blitt ein av landets mest etterspurde vokalistar gjennom fleire prosjekt. I 2019 fekk ho prisen "årets jazztalent" på Moldejazz, og gav same år ut debutalbumet sitt "Uncharted Territory" som fekk svært gode kritikkar i pressa
"Ei stemme for framtida" - Aftenposten 
"Eit svært overbevisande første soloalbum" - Dagsavisen

I 2018 fekk ho "sølvprisen" til japanske Jazz Ciritique Magazine for Best Jazz Vocal Album. Med røter i jazztradisjonen og ei sterk frasering er Siril kjent for å vere ein god historieforteljar som også tilpassar seg det instrumentalistiske.

Ho er no aktuell med det andre albumet sitt i eige namn. "Slowly, slowly" treff kroppen umiddelbart, og maner sansane djupare inn i augneblinken. Den skildrar ei rørsle, ei kjensle. Ei repeterande oppfordring til å kjenne på det store i dei små augneblinka som er rundt oss heile tida. Bruset i brystet når du slepper styret på sykkelen i nedoverbakke, mosen frå skogbotnen som kjennest mjuk mot ryggen, og det å finne ein blinkande skatt i fjæresteinane. Tida stoppar opp - berre litt. I eit par sekund. "Slowly, slowly" ber deg kvile i noko av det viktigaste du har: evna til å bøya tida, og gjera dei korte augneblinka større. 

Med seg har ho eit formidabelt mannskap: Martin Myhre Olsen - saxofonar, Kjetil Andre Mulelid - piano, Torgeir Hovden Standal - gitarar, Martin Morland - kontrabass, Henrik *Lødøen - trommar