Julekonsert Secret Garden

Om arrangementet

Etter suksessen med sin aller første juleturne i 2021 vil Secret Garden også i 2022 ut på juleturne.

16 utvalde spelestader vil få besøk av den verdskjente gruppa som kan vise til over 3 milliardar streams! Med originalskrevet musikk byr Secret Garden på ein unik julekonsert. I 2020 kom første delen av albumet «Sacred Night» – ei samling nye julesongar som vart omtalt av Aftenposten som «årets beste nye julealbum». I 2021 kompletterte gruppa julealbumet med endå 5 nye songar.

–Det er samarbeidd med ein av dei faste songarane våre, Cathrine Iversen, som har gjort dette mogleg. Vi trong ei vakker stemme som kunne bera prosjektet fram. Som med-artist på albumet framfører ho 12 nyskrevne julesanger, seier Rolf Løvland. I tillegg til fullt band har Secret Garden med seg den høgt profilerte songaren Espen Grjotheim som også tilhøyrer det faste teamet i gruppa. 

–Vi gler oss til å framføre den nye musikken vår og håper at vi kan gi publikum ein vakker og annleis juleopplevelse.
I tillegg til songar frå julealbumet vil publikum òg få høyra fleire av Secret Gardens store «hits».