Siril Malmedal Hauge - Uncharted Territory

Avlyst pga sjukdom. Dei som har kjøpt billett blir kontakta. Siril Malmedal Hauge frå Langevåg er ei spennande stemme på det norske jazzfirmamentet

Ho er ein allsidig vokalist, med sterke røtter i jazztradisjonen. Sist ho besøkte Fosnavåg var det for å tolke Joni Mitchell, noko ho gjorde på ein overbevisande måte. Ho er aktiv i ei rekke prosjekt, både som vokalist og instrumentalist.


Albumet «Uncharted Territory» er ei perfekt blend av popenergi og tilgjengeleg jazz i en singer-songwritertradisjon som brusar av melodisk friskheit. Her er mange ulike stemningar, variasjonar av lys og skugge, men likevel ligg det ein grunnstreng av noko positivt i kvar einaste sang. Plata har fått strålande kritikkar i norsk presse og Aftenposten følgjer opp: «Et element som stadig blir tydeligere, er hennes allsidighet og hvor naturlig hun finner essensen i en sang. Hun fanger dens egenart og kler den i sitt bilde.»


Det formidable mannskapet ho har med seg er Martin Myhre Olsen - saxofoner, Kjetil Andre Mulelid - piano/orgel, Torgeir Hovden Standal - gitarer, Martin Morland - bass og Henrik Lødøen - trommer


Les ei fine melding frå hennar live-konsert her: https://fireflate.no/2019/07/15/siril-med-verden-for-sine-fotter/ 


 

Billettar til Siril Malmedal Hauge - Uncharted Territory

  1. Fre 28. mai kl 20:00 Konsertsalen Akustisk programserie Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_