3

Music for a while

Tora Augestad frontar eit stjernelag av norske jazzmusikarar

Det som kjenneteiknar gruppa er den personlege, organiske og kreative behandling av ulikt låtmateriale.
Den kritikarroste første plata heitte Weill Variations, ei samling originale og friske versjonar av Kurt Weills udødelege musikk. Den bejubla andreplata “Graces that refrain” inneheldt uredde "coverversjonar" av komposisjonar frå den klassiske musikken, frå John Dowland til Francis Poulenc. Enten utgangspunktet er Kurt Weills kjende kabaretmelodiar eller songar og stykker frå det klassiske repertoaret, så er to trekk framtredande; vokalist Tora Augestad si unike formidlingsevne og stemmekontroll, og bandets klangmessige, improvisatorisk leikne og humoristiske handtering av stoffet. I 2014 feira bandet Music for a while sitt 10-årsjubileum. I det høvet kom tredjeplata vinterplata “Canticles of Winter”, som fekk fantastiske anmeldingar frå eit samlet kritikarkorps.

Tora Augestad, vokal
Trygve Brøske, klaver, trøorgel & melodika
Mathias Eick, trompet
Pål Hausken, Trommer og perkusjon
Martin Taxt, tuba

Ingar Huskaar, lyd

Billettar til Music for a while

  1. I dag kl 19:30 Konsertsalen Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_