Jonas Alaska

Ein av dei sterkaste låtskrivarane vi har

Jonas Alaska annonserte nyleg sleppet av det femte soloalbumet sitt, Roof Came Down, etter å ha servert fire strålande nye singlar før sommaren. Det nye albumet er tilgjengeleg frå 25. september
 
I kjølvatnet av albumslepp legg han ut på trio-turné saman med to av dei dyktigaste musikarane i landet, David Wallumrød (Bjørn Eidsvåg, Odd Nordstoga mfl) på tangentar og Olaf Olsen (Bigbang) på trommer, som begge spelar på det nye albumet.
 
Jonas Alaska fekk den store merksemda då han slapp tittelsporet «Roof Came Down», og for nettkonserten han haldt på Koronerulling frå Sentralen - som ein av dei første artistane til å finne nye konsertplattformer då heile verda stoppa opp. 
 
Det er klart for både splitter nye låtar og gamle favorittar når Alaska inntar Fosnavåg konserthus.
 
Jonas Alaska er ein av sin generasjons sterkaste låtskrivere her til lands, og står bak uforgløymelege låtar som «October», «If Only as a Ghost», «In The Backseat» og «Morning Light». Han var trippel Spellemannominert for debutalbumet sitt, og har sidan den gong sleppt tre album som alle har fått strålande mottaking i og utanfor Noreg

Billettar til Jonas Alaska

  1. Fre 15. jan kl 19:30 Konsertsalen Akustisk programserie Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_