1

Hilde Louise Asbjørnsen

Chic jazzdronning og stage cat tilbake til Fosnavåg

Hilde Louise Asbjørnsen er ein av våre mest allsidige artistar; jazz chanteuse, låtskrivar, skodespelar, kabaretartist og tekstforfattar. Ho blir samanlikna ofte med legender som Marilyn Monroe, Edith Piaf og Billie Holiday.

Som musikar har ho gitt ut heile 11 kritikarroste album; mest med eigne, men også med andre sine låtar, både på engelsk og norsk. Hennar siste utgjeving, Red Lips, Knuckles and Bones, utgitt via tyske Ozella Music, mottok strålande tilbakemeldingar: Blant anna trilla Dagbladets Øyvind Rønning terningkast 5 og omtalte det som «Elegant, sensuell, smektende og innsmigrende popjazz». Saman med sitt eminente band leverer Hilde Louise konsertar det verkeleg gnistrar av.

I 2015, 2016 og 2017 blei Hilde Louises sjølvskrevne suksess-soloframsyning The Lulu Show – Livet er en dans på renter satt opp på fleire teaterscener i Oslo, samt i Grimstad og Stavanger. Framsyninga fekk terningkast 6 av Mona Levin i Aftenposten og Hilde Louise vann Komiprisen som Årets Kvinnelege Scenekomikar. Framsyninga blei oversatt til engelsk og satt opp under den internasjonale teater-festivalen Edinburgh Festival Fringe i 2017, der den blei anmeldt til 5/5 stjerner på BroadwayBaby.com.

Hilde Louise har lang erfaring frå teaterscena; sist i rolla som Emcee/Konferansieren i musikalen Cabaret på Oslo Nye i 2017 – første gong rolla blei spelt av ei kvinne i ei norsk oppsetjing! Ho har stått på scena som Roxie Hart i Chicago, Mrs. Adelaide i Guys and Dolls og vunne Komiprisen for rolla som Ulla i The Producers på Oslo Nye Teater i 2011. I desember 2017 gjorde Hilde Louise stor suksess med Komikveld på Chat Noir saman med stjernelaget Espen Beranek Holm, Lene Kongsvik Johansen og Bjarte Hjelmeland.

I 2018 retta Hilde Louise fokuset tilbake til si opprinnelege drivkraft; musikken. I tillegg til å skrive musikk til sitt nye album, deltok ho i NRK sitt populære program Stjernekamp og fortsatte sin faste tradisjon med julejazzturné.

Vi helsar med dette Hilde Louise tilbake for tredje gong. Forrige gong var i desember 2016 og som då har ho med seg sitt eminente band:

Anders Aarum, piano,
Sven Erik Martinsen, gitar,
Jens Fossum, bass,
Hermund Nygård, trommer. 

Billettar til Hilde Louise Asbjørnsen

  1. Søn 22. sep kl 19:00 Konsertsalen Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_