1

An American Holiday with Adam Douglas

Vi har igjen gleden av å ønske Adam Douglas velkomen til Fosnavåg med «An American Holiday with Adam Douglas».

I fjor var dette den julekonserten som vart utseld først i Fosnavåg. Turneen blei til etter at Adam hadde ein draum om å kunne presentere ekte amerikansk julemusikk for det norske folk, og har samla saman låtar som for han symboliserer jula og denne flotte tida.

«An American Holiday with Adam Douglas» selde over 10.000 billettar i fjor, og albumet med same tittel var eit av dei mestselgjande album før jul på Platekompaniet i fjor. Begge deler har fått strålande kritikkar. Årets utgåve av «An American Holiday» får eit av Noregs beste liveband, forsterkningar frå Traces Gospel Choir – i tillegg til sjefen sjøl. Til saman vil det vere 12 musikarar på scenen, og er ein av dei største omreisande juleturneane i Noreg. Adam Douglas har på få år markert seg som ein av Noregs mest hardtarbeidande artistar, med sin store stemme og delikate gitarspill.

Dette blir ein storslått julekonsert med eit amerikansk roots, americana, soul- og jazz-uttrykk. Her vil tema vere vinter og jul. Det blir nokre klassiske julelåtar, samtidig som man vil få nye versjonar av gamle hits og nokre originallåtar. Med seg på scena har han eit fantastisk band og kor som vil sørgje for å lage ei magisk stemning. Materialet blir presentert med tydelege nikk til både amerikansk storbandjazz og 60-tals soulmusikk, framført med rause dosar kjærleik, akkurat kva ein slik kveld fortener!

Adam Douglas er oppvokst i Oklahoma, og har budd i Chicago og Minneapolis. Han nærmast ramla inn på ei scene då han var åtte år og har sidan ikkje sett seg tilbake. Adam Douglas er ein spelemann i ordets rette forstand. Musikken hans handlar om å spele for folk. Om øyeblikka som skjer på scenen, og om øyeblikka som skjer i møtet med publikum.

Det var først hausten 2017 at Adam Douglas skulle ta steget ut av undergrunnen og inn i dei tusen heimar. Kvar laurdag løyste han nye musikalske utfordringar i Stjernekamp, og endte opp med å vinne heile konkurransen. Jula 2017 framførte han sin julekonsert med stor suksess foran fire fullstappa salar i Nordstrand kyrkje på to dagar. Opptaket blei kringkasta av NRK i romjula, og viser ein moden artist med sterk formidlingsevne og speleglede.

2019 blir nok eit hektisk år for Adam Douglas med konsertar over heile landet, og saman med publikum ser han fram til også i år å senke skuldrane og spele jula inn. Hjarteleg velkomen til «An American Holiday with Adam Douglas»!

The American Holiday band:
Adam Douglas - gitar og vokal
Jørgen Kasbo - gitar
Thor Erik Fjellvang - keys
Iver Olav Erstad - keys
Lars Erik Dahle - bass
Ruben Dalen - trommer

Traces Gospel Choir:
Traces Gospel Choir er ei gruppe med kvinner med røter frå mange ulike kontinent. Traces er eit mangfoldig ensemble med medlemmar av forskjellige musikalske bakgrunnar som syng gospel, og positiv verdsleg musikk i Noreg og resten av verda. På årets juleturné vil seks av korets medlemar vere med på alle konsertane.

www.tracesgospel.com

Billettar til An American Holiday with Adam Douglas

Vis hele programmet
_
_
_