Ørjan Burøe - SOLO

Om arrangementet

SOLO – Ørjan Burøe

I «SOLO» møter publikum ein skamlaus og ærleg Ørjan som byr på ei framsyning heilt utan filter – uredd og botnsolid om seg sjølv, samlivet, og det å plutseleg stå aleine. «SOLO» er ifølgje Wikipedia ein utøvar som opptrer fullstendig aleine, eller er den viktigaste melodibærar som spelar på eitt eller fleire instrument aleine. Det er akkurat det Ørjan gjer i si framsyning som har fått tittelen «SOLO».

Dette er hans tredje show-produksjon og i følgje tilbakemeldingar som har kome, hans beste!  Ørjan er Norges einaste komikar som gir lattergaranti! Hvis ikkje det første latterbrøl kjem innan eitt minutt, opptrer han gratis! For oss som har sett «SOLO» er det heilt ufarleg å gi ein slik garanti!