Operation Napoleon

Om filmen

Originaltittel: Operation Napoleon

Premiere: 2023-11-03

Varighet: 1t 42min

Sjanger: Action, Krim

Aldersgrense: 15

Originalspråk: Islandsk, Engelsk

Regissør: Óskar Thór Axelsson

Game of Thrones-skodespelaren Iain Glen spelar mot andre islendarar i denne kalde thrillaren, som er basert på bestseljaren til Arnaldur Indrioason.

Tre vener er på den største isbreen i landet og oppdagar eit gamalt tysk fly som er gravlagd i isen. Vraket stammar frå andre verdskrigen og det viser seg at det er andre som har vore på jakt etter flyet, og oppdaginga får uvante konsekvensar for venene. Systera til den eine, den unge advokaten Kristin vert dradd inn i mysteriet, som viser seg å vere ein stor internasjonal konspirasjon. Den einaste sjansen for å overleve ligg i å avdekke løyndomen bak det tyske flyet. Operation Napoleon hentar sjangertypar frå storslagne, amerikanske spaningsfilmar og byr på tettpakka spenning i vakker islandsk natur.