Opa scene vol. 4: Julespesial
Billettar
Om arrangementet
Klart for neste runde!
For fjerde gong ønskjer vi velkomen til Opa scene, denne gongen altså julekonsert. Ja, litt tidleg i november er det, men vi klarer ikkje å vente lenger ;o)
Vi lovar deg ein veldig fin julekonsert ;o) for no er det endeleg klart for at vi kan presentere deltakarane! Her er dei gode, kjekke, dyktige folka - stabla opp i aldeles alfabetisk rekkefølgje:
- Cormorant
- Einar Örn Einarsson
- Even Nykrem
- Ingmar Mork
- Liv-Margrethe Muren Ulvund
- Paul Sandanger
- Pergunn Gjerdsbakk
- Silje Gjelseth
- Synnøve Voldsund og Maria Lade
- Una Myren
Dette blir kvelden sin! Og vi gjentek tankegangen bak Opa scene; Vi tilbyr scene, lyd/lys/teknikk, band og publikum. Terskelen til å få teste konsertsalen skal vere låg for unge og gamle i kommunen og nabokommunane. Og billettane skal vere rimelege, fordi vi ønskjer å tilby ein konsert som folk har råd til å gå på. Dette har vist seg å bli eit konsept som er godt for mange, så då held vi fram med det, og neste runde har altså juletema.