Ole Børud band

Om arrangementet

Ole tok seg til finalen i Stjernekamp i 2018 og drog deretter ut på ein  omfattande turnè gjennom 2019 der det blei rulla høge terningkast både i inn- og utland. No er han klar  for å turnere og framføre låtar frå sitt femte album – "Soul Letters".

Vi lever i ei tid der den sjelfulle, funky sida av svunne tiårs westcoastpop (tenk Steely Dan, Michael McDonald og Doobie Brothers) har fått ein voldsom renessanse blant hipstarar og andre trendbevisste unge musikkfans, i ei ironisk innpakning under banneret «yacht rock». Men pussig nok ser få av desse ut til å ha registrert at ein av verdas fremste utøvarar av denne musikkforma i samtida, er norsk! Kanskje er det fordi ironi er eit fullstendig fremandt omgrep om ein skal beskrive musikken til Ole Børud. Og gudskjelov for det! 

Albumet «Stepping Up» som kom i 2014 tek opp tråden der «Keep Movin» (2011) slapp. Låtar som tittelkuttet eller «Driving» er skulebokeksempel på saumlaus låtskriving i Becker/Fagen-tradisjonen. I kjølvatnet av Stjernekamp kom albumet “Outside The Limit”(2019) som ivaretek arven, men dreiast nokre hakk mot pop. 

Det skyhøge nivået på dei musikalske prestasjonane blir meir forståeleg om ein ser på bakgrunnen til Ole Børud. Som andre generasjons-medlem i Børud-familien, ein musikalsk institusjon i seg sjølv, har han vore profesjonell musikar sidan han var 16, men i praksis stått på scene på fulltid sidan han kunne stå på to bein. 

I februar 2022 kom hans femte soloalbum “Soul Letters” der han har gjort ei etterlengta musikalsk dreiing mot old school soul – med sterke innslag av rhythm and blues. Det er eit album som både pustar og har mer kvilepuls samstundes som den byr på Ole si evne til å lage musikk skreddersydd til fest. Vokalen får meir plass i det nye lydbiletet og han briljerer så det formeleg gneistrar. Gitarspelet har eit markant røffare preg enn tidlegare med tydeleg hint i retning av blues-estetikken. Albumet femnar musikalsk breiare, det er meir catchy og allsangvennlege refreng. Tekstuniverset ligg nærare sjela, med personlege betraktningar av både livets utfordringar, menneskeheita si handtering av makt og møte med seg sjølv i døra. Ole er ein kjærleikens apostel. Han syng om at verda treng kjærleik, den djupe kjærleiken som kan endre kurs i menneske sine liv.

Livebandet til Ole Børud er drivande godt, beståande av nokre av dei beste soulmusikarane landet har fostra: 

Trommer: Ruben Dalen
Bass: Lars-Erik Dahle
Gitar: Markus Lillehaug Johnsen
Tangenter: Frode Mangen