Odd Nordstoga med Sjøforsvarets Musikkorps

Om arrangementet

I samarbeid med Fjord Cadenza

ODD NORDSTOGA
Få maktar å skildre poesien i kvardagen slik som Odd Nordstoga gjer, uten at det nokon gang blir klisjefylt eller svulstig. Han syng om skogen, om hausten. Om å lengte tilbake til sumaren. Og om dagene som kom og gjekk. Han får oss til å danse, sjøl om vi ikke kan det, og til å ville synge med av full hals om denne grisen som står og hyler.

Det er aldri noko tvil om at Odd lever for å spille for publikum, og det er jammen ikkje rart at publikum over heile landet har trykt han til sitt bryst, både i høytid, i kvardag og på festlege lag. Ein konsert med Odd Nordstoga kjennes rett og slett som ei real vitamininnsprøytning. No er han klar for å innta Fjord Cadenza med fantastiske Sjøforsvarets musikkorps og dirigent Rune Bergmann.

SJØFORSVARETS MUSIKKORPS
Sjøforsvarets musikkorps (tidlegare Forsvarets musikkorps Vestlandet) er eitt av to heilprofesjonelle orkester i Bergen. Det er òg eitt av fem profesjonelle musikkorps i Forsvaret. Sjøforsvarets musikkorps er eit dynamisk ensemble og løyser seremonielle oppdrag for Forsvaret og held konsertar over heile Vestlandet.