VÅRKONSERT med Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda og Eirik Stave

Om arrangementet

Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda framfører Rhapsody in Blue av George Gershwin med Eirik Stave frå Ørsta, bak flygelet. Stykket skreiv Gershwin i 1924, for piano og orkester og har element frå både klassisk musikk og jazz, fletta saman i eit spanande rytmisk og fargerikt meisterverk.

Stave er berre 16 år gammal, og mange kjenner han kanskje att frå då han vart kjend i tv-programmet: Då Kork kom til bygda. Berre 9 år gammal, heldt han Noreg sitt beste symfoniorkester under trygg leiing. Den unge pianisten som har spelt piano sidan han var 4 år gammal, reiser jamnt og trutt til NTNU i Trondheim, der han er med i talentutviklingsprogrammet: Unge Musikarar. Han stiller stadig på konkurransar og har vore med i Ungdommens musikkmesterskap (UMM), Ung kultur møtest (UKM) og Fjord Cadenza. I 2014 fekk han Norsk Tipping sitt Talentstipend og i 2019 mottok han Draumestipendet frå Norsk Kulturskuleråd.

Dirigent for orkesteret er Elizabeth Oltedal. Ho lovar eit spanande og variert repertoar med sjølvsagt nokon klassiske gjengongarar: Unter Donner und Blitz («Torden og lyn») og Radetzkymarsjen av Johann Strauss og Sjostakovitsj sin verdskjende Vals nr 2 frå Jazzuita. Orkesteret har også spansk musikk på repertoaret: Doña Francisquita av Amadeo Vives og ein meksikansk dans: Danzon nr 2 av Artruro Marquez frå Mexico. Dette flotte stykket har inspirasjon frå cubansk salsa, og igjen vil publikum få høyre Adiós Nonino av den store og kanskje største tangokomponisten i verda, argentinske Astor Piazzolla. Her vil Øyvind Skatvedt Robak vere solist på bandoneón og Eirik Stave på flygel. Gled dykk!