NUSO og Trio Sora

Om arrangementet

Norsk Ungdomssymfoniorkester gjestar Fjord Cadenza og skal bl.a. urframføre ein konsert av Wolfgang Plagge

Giovani Gabrieli - Messingkor - Canzon XVII 

Wolfgang Plagge - Konsert for pianotrio og orkester (urframføring)

Dmitri Shostakovich - Symfoni nr 5

Wolfgang Plagge er ein skikkelse ein ikkje kjem utanom når ein snakkar om protagonistar i norsk musikkliv. Med sitt unike kunnskapsnivå, formidlingsevne, humor og evigunge nysgjerrigheit, ser vi fram til å sjå han som festivalkomponist under Fjord Cadenza 2022. Hovudverket under årets festival er ein konsert for pianotrio og orkester, truleg den første i norsk musikkhistorie.

Trio Sora er for tida eit av dei mest oppsiktsvekkande kammerensembla i Europa. Med konsertverksemd i Wigmore Hall, Verbier-festivalen og Philharmonie de Paris for å nemne nokre, er det naturleg at Fjord Cadenza og Sunnmøre står for tur. Den kvinnelege trioen, med base i Paris, har vunne fleire gjeve internasjonale prisar, vore ein særs viktig ambassadør for å fremme kvinnelege nolevande komponistar, og generelt vore ei sterk røyst i det internasjonale klassiske musikkmiljøet.

NUSO – Norsk Ungdomssymfoniorkester er eit nasjonalt symfoniorkester for musikarar mellom 13 og 20 år. Orkesteret er drive av De Unges Orkesterforbund.

Musikarane kjem frå heile landet. Dei vert vald ut gjennom prøvespel og held eit høgt musikalsk nivå. Repertoaret er samansatt av sentrale verk i orkesterlitteraturen, varierte solistverk, og urframføringar av nye norske orkesterverk. NUSO arbeider aktivt for å gje unge orkestermusikarar musikkopplevingar, brei orkestererfaring, glede og personlege utfordringar i samspel med andre likesinna.

Sidan oppstarten i 1991 har NUSO gjesta konsertstader over heile Noreg. I 2016 spelte orkesteret på markeringa av Sarpsborg sitt 1000-års jubileum. I tillegg har NUSO gjesta orkesterfestivalane i Edinburgh, Kalmar og Barcelona. NUSO har óg laga TV-program for NRK. I 2013 gjesta NUSO den klassiske musikken si vugge, Wien, i samband med orkesteret sitt 25-årsjubileum.