Christmas with Nordic Tenors
Billettar
Om arrangementet
Tenorane til Herøy med julekonsert!
Når nettene blir lange og vinterfrosten legg eit rima slør over mørkelandet, er det lite som varmar som tonane frå dei tre høgt elska tenorane i Nordic Tenors og deira virtuose pianist Torgeir Koppang.
For attande året skapar tenortrioen ei førjulsstund fylt med varme og humor, med eit variert julerepertoar bygt på høgtid og tradisjon, ein julekonsert som garantert vil setje deg i den gode julestemninga.
Framsyninga er ikkje berre ei fryd for øyret, men også for auget, då dei har med seg Andreas Ohldieck, ei av dei gryande stjernene på den stadig veksande himmelen av norske videokunstnarar.
Nordic Tenors består av tenorene Jan-Tore Saltnes, Nils Georg Nilsen og Espen Solsbak. Gruppa har tidlegare vunne Komiprisen, vore kongelege toastmastrar, opna den nye operaen i Oslo og vunne publikum sine hjarte over heile landet.