Natt i desember - Kleive & Reiersrud

Om arrangementet

Iver Kleive (orgel) og Knut Reiersrud (gitarar) har mange års erfaring med å lage mektig lyd i katedralar!

Mange hugsar deira utgjevingar «Blå Koral», «Himmelskip» og «Nåde over Nåde» som vakre bautaer over møtet mellom europeisk kyrkjemusikk og afroamerikansk rytmikk og tonefølelse. No blir desse to musikarane å høyre i Herøy!

«Natt i desember» (KKV 2018) er juleversjonen, med meningstunge, stemningsskapande versjonar av velkjende julesongar. Fosnavåg konserthus arrangerer denne julekonserten i Herøy kyrkje.

På repertoaret står blant anna «Kling no klokka», «Deilig er jorden», «Stille natt», «Jeg synger julekvad» og «Jeg er så glad hver julekveld». Den nyskrivne «Minne om en svunnen jul» av Iver Kleive og ein jiddisk folkemelodi som har tittelen «Desember i Praha» har også fått plass.

Gled deg til å høyre desse to i Herøy kyrkje første fredagen i julemånaden!