Munch

Om filmen

Originaltittel: Munch

Premiere: 2023-01-27

Varighet: 1t 44min

Sjanger: Biografi, Drama, Norsk

Aldersgrense: 12

Originalspråk: Norsk

Regissør: Henrik M. Dahlsbakken

«Munch» er filmen om ein av dei største kunstnarane gjennom tidene. Ved å skildre fire definerte periodar i Edvard Munch sitt liv, gir filmen eit intimt innsyn i eit særprega og unikt kunstnarsinn

Alfred Ekker Strande, Mattis Herman Nyquist, Ola G. Furuseth og Anne Krigsvoll gjer kvar si tolking av Edvard Munch i ulike delar av livet hans. Regi, Henrik M. Dahlsbakken «Munch» fortel historia om den unge Edvard Munch si første forelsking, i ei gift kvinne, og vidare om nederlaget hans som kunstnar etter at den første utstillinga i Berlin vert refusert og avvist. Filmen skildrar også Munchs dramatiske innlegging på nerveklinikk i København, der han vert tvinga til å ta sitt livs største og mest avgjerande val, før han i livets siste fase kjempa ein hard kamp for å redde sin kunstnariske arv frå nazistane under krigen. I dei andre rollane finn vi stjerner som Anders Baasmo, Jesper Christensen, Lisa Carlehed, Ida Elise Broch, Nader Khademi, Arthur Berning, Per Frisch, Gjertrud Jynge, Dennis Storhøi, Thea Lambrechts Vaulen og Hildegun Riise. «Munch» er den første dramatiseringa som er gjort av livet til Edvard Munchs på kinolerretet, og vil få æra av å opne den 52. utgåva av Rotterdam Film Festival.