Mirakelet i Gullspång

Om filmen

Originaltittel: Miraklet i Gullspång

Premiere: 2024-02-02

Varighet: 1t 47min

Sjanger: Dokumentar

Aldersgrense: 12

Originalspråk: Norsk, Svensk

Regissør: Maria Fredriksson

Terningkast 6: "Et mirakel av en film - gåsehud fra start til slutt" - Nordlys Eit teikn frå Gud får dei to norske systrene May og Kari til å kjøpe ei leilegheit i den vesle svenske byen Gullspång. Sjokket inntreff når dei møter eigaren av leilegheita på meklarkontoret: Olaug, som selgjaren heiter, er nemleg prikk lik den avdøde storesystera deira, som døydde 30 år tidlegare. Og ikkje berre er ho lik i utsjånad, men ho er også fødd på same dag som den avdøde systera. Det som byrjar som ei heilt utruleg familiegjenforeining tek imidlertid fleire brå vendingar, og utviklar seg til ei dramatisk forteljing om arv og miljø, familieløyndomar og behovet vårt for å ha noko å tru på.

Dokumentarfilmen MIRAKELET I GULLSPÅNG starta då dei norske systrene tok kontakt med den svenske regissøren Maria Fredriksson for å fortelje historia om familiegjenforeininga – som dei såg på som eit mirakel som måtte bli fortalt om på film. Fredriksson følgjer systrene tett over fleire år, og etter kvart blir arbeidet med filmen eit nitidig detektivarbeid med store kjenslemessige konsekvensar. Resultatet er ein oppsiktsvekkjande og spennande kinodokumentar med ei forteljing som overgår fiksjonen. Filmen vann den svenske prisen Guldbaggen for Beste dokumentarfilm 2023. PRESSA OM FILMEN: Terningkast 6 "Et mirakel av en film - gåsehud fra start til slutt" - Nordlys Terningkast 6 "Twin Peaks i Lakselvdalen" - Fredrikstad Blad Terningkast 5 "Nesten for god til å være sann" - NRK Terningkast 5 "Spektakulært" - Aftenposten Terningkast 5 "Se den på kino så fort du kan" - iTromsø Terningkast 5 "Du tror det ikke før du får se det" - Bergens Tidende Terningkast 5 "Spinnvill" - Adresseavisen Terningkast 5 "Mirakuløs" - Stavanger Aftenblad Terningkast 5 "Utrolig engasjerende og fascinerende" - Filmhjertet REGISSØR MARIA FREDRIKSSON OM FILMEN: "Kjernen i filmen er historia om tre sterke kvinner. Kva skjer når sanninga og forteljinga ein har fortalt om sitt eige liv brått blir rive bort? Som menneske har me behov for å søkje etter sanning, for å forstå og forklare liva våre. Men me treng også det mystiske og uforklarlege. I denne filmen blir desse behova blanda. For dei involverte blir ønsket om å definere si eiga sanning viktigare enn å vite kva som faktisk er sant. Eg vil at filmen skal vere ei påminning om kor merkeleg og magisk livet er – og håpar at publikum blir like oppslukt av å sjå forteljinga utfalde seg som eg var då eg laga filmen" Maria Fredriksson er regissør, produsent og manusforfattar som har laga ei rekkje korte dokumentarfilmar. MIRAKELET I GULLSPÅNG er hennar fyrste heilaftens dokumentarfilm. Den hadde premiere ved Tribeca Filmfestival i New York i juni 2023. Filmen er produsert av det svenske selskapet Ballad Film. Mer Film er norsk samprodusent og distributør av filmen.