Marthe Wang

Om arrangementet

Marthe Wang legg ut på turné – ønsker å gi publikum ei nær konsertoppleving

Marthe Wang blei raskt allemannseie då ho debuterte med låten «Til deg» i 2017. I haust legg ho ut på vegen med to førsteklasses musikarar, med Jonas Kilmork Vemøy på trompet og Markus Lillehaug Johnsen på gitar. Publikum kan vente seg ei nær og intim konsertoppleving der Marthes ektefølte visepop-låter blir presentert i ein ny drakt, med Marthe sin stemme og formidlingsevne er i front.

- Det blir så gøy å spele konsertar i haust! Eg gler meg til å spele låtane frå dei to første platene mine, og kanskje nokon heilt nye. Eg elskar å spela trio-konsertar og føler at publikum kjem til kjernen av låtene mine. Dei blei til ved pianoet, og eg gler meg til dei skal framførast slik, saman med Jonas og Markus. Vi har jobba lenge med å skape eit nært og intimt, men samtidig stort lydbilde som trio, fortel Marthe.
Marthe brakdebuterte i 2017 med å bli Spellemann-nominert i kategorien Viser og mottok både Teksforfatterfondets Lyspunktpris og den gjeve TONOs EDVARD-pris for tekstane sine. I 2020 følgde ho opp debutsuksessen med det strålande andrealbumet «Bakkekontakt» som til liks med den første plata hennar òg vart nominert til Spellemann. Med terningkast 6 frå Bergensavisen, terningkast 5 frå VG og glimrande ord frå Dagens Næringsliv med fleire har ho posisjonert seg som dei mest lovande visesongarane i eit landet.

Debutsingelen «Til deg» vart Marthes store gjennombrot og nærmar seg i dag 10 millionar avspelingar på Spotify. Den varma heile det norske folk sine hjarter som TV-aksjonslåt i 2018, fekk høg rotasjon på radio og ho gjorde fleire TV-opptredenar. Marthe sin musikk kan beskrivast som tidlaus, melodiøs, leiken og alvorleg. Det organiske lydbildet er innom både pop, viser og jazz.

«Sjelden har noe så alminnelig som å holde beina på jorden vært så ekstraordinært»
- Tor Martin Bøe, VG

“Marthe Wangs nydelige stemme hever hennes visepop opp fra mengden”
- Audun Vinger