Lundefjell - egget som forsvant

Om filmen

Originaltittel: Puffin Rock and the New Friends

Premiere: 2023-11-03

Varighet: 1t 20min

Sjanger: Animasjon

Aldersgrense: A

Originalspråk: Norsk

Regissør: Jeremy Purcell

Ein magisk film for dei aller yngste

Lundefuglane Una og Baba bur på ei fredeleg øy langt ute i havet. Ein sommar får dei besøk av nokre framande fuglar som har flykta nordover på grunn av klimaendringane. Una, Baba og dei andre fastbuande får nye vener, men også ny utfordringar. Ekstra spanande vert det når eit egg forsvinn på mystisk vis. Klarar dei små fuglane å finne egget før stormen rammar øya? «Lundefjell – egget som forsvant» er ein vidunderleg film frå det irske animasjonsstudioet Cartoon Saloon som tidlegare har gitt oss «Sangen fra havet» og «Ulvevandrerne». Filmen sitt univers er alt godt kjend frå NRK Barne-TV og filmen kjem på kino med både norsk og samisk tale. «This is the story of one little puffin’s journey to making friends, finding happiness and, most importantly, making a new place a home» Jeremy Purcell, regissør.