Leif Ove Andsnes

Om arrangementet

Desember-konsert i Fosnavåg!

Dette blir julekonserten sin, det! Åtte dagar før jul! 

Leif Ove Andsnes var, som folk veit, med på opninga av Fosnavåg konserthus i oktober 2014! Han vil gjerne tilbake hit, var her i juni 2023, og no kjem han igjen. Dette blir ein eksklusiv konsert, og ei grandios avslutning på jubileumhausten 2024. Denne må du få med deg - saman med mange musikkinteresserte på Sunnmøre!

«En av sin generasjons mest begavede musikere» skriv Wall Street Journal om Leif Ove Andsnes. Med sin kommanderande teknikk og søkande tolkingar har den berømte pianisten vunne internasjonal anerkjenning og spelt konsertar i verdas leiande konsertsalar, med deira fremste orkester, samstundes som han bygg ein annerkjend og omfattande diskografi. Som ivrig kammermusikar er han også grunnleggar av "Rosendal kammermusikkfestival" som finn stad kvar august på vestkysten av Norge.

Leif Ove Andsnes var fødd på Karmøy i 1970, og studerte ved Bergen musikkonservatorium under den anerkjende tsjekkiske professoren Jirí Hlinka. Nordmannen har også fått uvurderlege råd frå den belgiske pianolæraren Jacques de Tiège, som til liks med Hlinka har hatt stor innflyting på hans spelestil og filosofi. Så han er for tida kunstnarisk rådgjevar for "Prof. Jirí Hlinka Piano Academy" i Bergen der han gir årlege meisterkurs til deltakande studentar. Andsnes bur i Bergen med sambuar og deira tre born.

Programmet denne kvelden blir

Edvard Grieg: Piano Sonata, Op. 7 
Geirr Tveitt: Piano Sonata No. 29 ''Sonata Etere'' Op. 129 Interval 
Frédéric Chopin: 24 Preludes, Op. 28