Linda Eide språksjov
Billettar
Om arrangementet
Me kjenner ho frå tv-programmet Eides språksjov. No går Linda Eide laiv, og dreg på turné! Det blir infotainment på høgt nivå når Linda i kjend stil hyllar og herjar med språket vårt, akkompagnert av både pianist og seniorkonsulent. Kvar stad, vil det også dukka opp ein lokal gjest som gjengen har invitert. Velkommen til anekdotar, pensum, ettertanke, masse musikk og rett som det er berre blott til lyst!
Linda Eide – Sjovleiar med blokkfløyte og wind synth
Sjur Hjeltnes – Pianist med utdanning og innsikt.
Halvor Folgerø – Seniorkonsulent med fagott & bass