Tre små kinesere
Billettar
Om arrangementet
"Kineserene kommer!"
Langt tilbake i urtida, i 1988, fann du den graffitien overalt i Trondheim sentrum. Folk klødde seg i hovudet og lurte på kva i alle dagar dette kunne vere. Mysteriet blei oppklart for dei fleste trondhjemmarar, og elles i landet, då Tre Små Kinesere sitt første album kom i 1990. Sidan den gongen har det blitt 12 album og hundrevis av konsertar.
Og Risnes & Co ligg ikkje på latsida, for 2023 starta trioen med eit smell! Då komr deira album nummer 13 (ein retur til deira opprinnelege akustiske lydbilete) hand i hand med ein etterlengta norgesturné. Med seg på turnèen har bandet heilt nye låtar - sjølvsagt i skjønn forening med gode, gamle klassikarar frå ein elska katalog. Ein konsert med Tre Små Kinesere er ei ganske annleis oppleving enn det å site heime og plystre til platene.
I heimbyen Trondheim er det nesten ikkje mulig å høyre bandet over publikum sin allsong, noko haustens konsert på Byscenen ble nok eit bevis på. Dette, kombinert med Risnes sitt “tolljprat” og gode historier mellom låtane, er noko av det som gjer desse konsertane til ei minneverdig oppleving. Gutta leverer alltid, om det er 74 eller 740 i salen: "Vi håpar sjølvsagt på det siste, og det inneber at akkurat DU dukkar opp - om du vil synge eller ei!” Kinesarane kjem til Fosnavåg konserthus for småbordkonsert (unummerert) laurdag 7. oktober - kjem du?