Kongens Hagefest

Om arrangementet

Kongens hagefest med gourmetgrill og stemningspop 

I bakhagen på Herøy Gard fyrer Bogne Breseri opp grillane, Vyjar spelar opp med levande musikk og Herøyspelet inviterer til vennefest for alle som har lyst til å vere med.  

Kongens hagefest er sommarens høgdepunkt og møtepunkt for vennegjengar og nye vennar.  Bogne styrer grillane,  luktene og gode smakar som blir servert i lang rekke på kvit duk. Det er berre til å plukke og nyte utover kvelden.

Vi kryssar fingrane for at sola leverer dagens siste strålar over festen før mengder av lykter i trea tek over lyssettinga, men stort partytelt over heile bakhagen sikrar gode forhold også om sommarkvelden blir litt vel sunnmørsk…

Her møtest glade folk til gode pratar i lag med musikken frå Vyjar med Vegard Voldsund, Arve Voldsund, Yngve Sævik, Rune Sævik og Jonny Sævik Leikanger. Dette er pop frå heile den moderne pophistoria som skaper god stemning.  

For 470 kroner får du gomle og maule, nippe og nyte så mykje grillmat, salatar og tilbehør som du vil. Det er 18 års aldersgrense og sal av diverse drikke til maten.

Vi opnar bakhagen klokka 18.30, rett etter siste forestillinga og held fram til klokka 00.30. Det er ikkje buss frå hagefesten, men båten til Mjølstadneset går klokka 22.30, 23.30 og har siste avgang 00:30.