Kjetil Mulelid

Om arrangementet

Pianist og komponist Kjetil Mulelid frå Hurdal har etablert seg som ein ung innovativ artist ved å blanda sjangrar som jazz, salmar og fri improvisasjon.

Etter endt studie ved “Jazzlinja” i Trondheim, har han spelt konsertar og turnert med sin eigen musikk og prosjekt fleire gonger i store delar av Europa, og Japan. Han har tidlegare to trioutgivingar på Rune Grammofon, der debutplate «Not Nearly Enough to Buy a House» vart utgitt seint i 2017, og oppfølgjaren kom to år seinare. Trioen har vore svært positivt omtalt i magasin som «The Wire» og «The NYC Jazz Record», og vart av Jez Nelson omtalt som «Best of the year" i den britiske radioen Jazz FM.

I tillegg til trioen sin, har han ei rekke godt mottatte album med prosjekta sine Wako og Kjemilie, og har spelt og arbeidd med mange etablerte musikarar som Arve Henriksen, Jason Moran (US), Barry Guy (UK), Siril Malmedal Hauge og Bjørn Marius Hegge.