Julekveld med Teskjekjerringa

Om arrangementet

Musikalsk juleforestilling for heile familien

Teskjekjerringa elskar jula! Men om ho får det for travelt blir ho lita som ei teskei! Korleis unngår ho at dette skjer på sjølvaste julekvelden, når mannen er oppkava og må på juletrehogst, nabokjerringa spionerer i kjøkenvindauget og ho sjølv skal bake, vaske og pynte til jul?

Teskjekjerringa er både rampete og snill. Når ho blir lita, forstår ho ting som ingen andre vaksne kan – til og med kva dyra seier! Alle folk og dyr er like mykje verdt for Teskjekjerringa. Ho hjelper andre når ho kan og deler raust av det ho har. Prøysen sitt jordnære univers har ein humoristisk snert som saman med leikne dekorasjonar, kostymer og musikk fengjer både store og små!

Historia om Teskjekjerringa minner oss på at viss ikkje alt blir som vi hadde tenkt, så blir det kanskje minst like bra likevel.  - Og kanskje kjem julenissen? Velkommen til hyggeleg førjulsstemning på konserthuset!

Varigheit ca. 50 minutt
Passar for heile familien

Dramatisert av
Kjersti Botn Sandal

Basert på
Alf Prøysen sine bøker

Regi
Kjersti Botn Sandal

Scenografi og kostymedesign
Leiko Fuseya

Lysdesign
Jonas P. A. Fuglseth

Musikalsk ansvarleg
Jonas Høgseth

Med
Eline Øverby, Ingrid Myhre Løvik, Kristoffer Egset

Forlag
Teaterforlaget Songbird AS