Alltid Annleis // Ein konsert med dikt av Jon Fosse
Billettar
Om arrangementet
Vi inviterer til konserten "Alltid annleis» som inneheld dikt av Jon Fosse, nydeleg tonesett av Arnhild Vik.
Fosse sine dikt skildrar dei store spørsmåla i livet, som kvar vi er før vi blir født, men også dei heilt små kvardagslege ting i livet, - ein stein, eit smil, ein sprokken vase, eit blikk, og så vinden...
Alt gjentek seg og er det samme, men likevel ser kvar og ein av oss alt det same - litt annleis.
Dei som er med er: Eline Holbø Wendelbo vokal, Arnhild Vik flygel og Brage Botn Seim Cello