Jan Eggum
Billettar
Om arrangementet
Småbordkonsert med Jan Eggum
Sikre deg plass på småbord-konsert med Jan Eggum i haustmørket! Earlybird-billettar kjem straks ut og blir flygande rundt ein månad. Unummerert kveldskos med stasleg musikk og høve til servering.
Jan Eggum trivast i dei fleste samanhangar. I stort band, lite band, viseduo, jazztrio, filharmonisk orkester - til og med saman med songkor. Det er likevel noko heilt eige å oppleve Eggum aleine med gitaren, og gjerne i et lite lokale. Det er i dei samanhangar ein verkeleg føler at ein kjem tett på mannen og songane hans.
Det er ingen grunn til at det ikkje blir bra i 2023 når Jan og gitaren skal reise landet rundt med eit repertoar som tek utgangspunkt i hans mange vakre ballader. Kva meir kan ein ønskje seg? Eit par ekstra billettar, kanskje. For har ein først fått oppleve Jan Eggum aleine, så vil ein sjå han igjen. Og igjen. Og igjen. Velkomen til ein kveld med ein av landets største artistar!