Ingvard Wilhelmsen "Livet er et usikkert prosjekt"

Om arrangementet

LIVET ER ET USIKKERT PROSJEKT

Med humor, formidlingsevne og glimt i auget fyller Ingvard Wilhelmsen salen med kloke ord og sunn fornuft. Han held foredrag for utselde hus Norge rundt og reknast som ein av dei aller beste foredragshaldarane i landet.

Det meste her i livet kan vi ikkje gjere noko med, men korleis vi stiller oss til alt som skjer, bestemmer vi sjølve. Dei fleste av tankane våre er berre tull, tankar der vi bekymrar oss for ting som aldri skjer i verkelegheita. Han utfordrar korleis vi stiller oss til desse tankane. 

Med ei herleg og morosam formidlingsevne utfordrar han våre haldningar til grubling og bekymring, liv og død, oss sjølve og andre. Mykje flaks og mange faktorar spelar inn for å avgjere kor godt livet blir. Då løner det seg å bruke kreftene på det ein kan gjere noko med. Wilhelmsen meiner at for å ha ro og fred i sinnet vårt, er det helt naudsynt å tåle livets usikkerheit og risiko.

Ingvard Wilhelmsen er professor emeritus ved Universitetet i Bergen og spesialist i indremedisin og psykiatri. Han har i 27 år drive den annerkjende Hypokonderklinikken i Bergen og skrive fleire bøker; Livet er et usikkert prosjekt, Sjef i eget liv, Det er ikke mer synd på deg enn andre og Kongen anbefaler. Julegåvetips? Kjøp gåvekort eller billett no til foredraget som skal vere i mars.