Horizons project + lokale koristar

Om arrangementet

Horizons Project + lokale koristar «Fosnavåg all-stars kor» = Kortreist og mektig

Med lokalprodusert musikk og video og dessutan ein gjeng drivne koristar frå Fosnavåg, ligg dette an til å bli ei konsertoppleving det bli verdt å besøke! Dei var i konserthuset med lokale koristar rett før pandemien i 2020. Basert på gode tilbakemeldingar frå publikum den gong så freista det til gjentaking.

Bandet har hatt konsertar i Ålesund, Stranda og Sula og dessutan opptrådd på profilerte festivalar som Jugendfest, Sommerfesten og Havgaprock. 
Bandet har base på Sula. Medlemmene kjem frå Sula og Ålesund. Musikken må vel seiast å vera mest inspirert av 70-talets storheiter som Pink Floyd, Deep Purple mfl. NRK klassifiserte albumet «Behind», som bandet slapp i 2017, for folkeleg progrock.

Musikken spenner frå fengjande popmusikk, via god gammaldags rock, til det svevande og pompøse.

Billedkunstner Jan Ove Ringstad har òg hatt ein finger med i spelet på fleire av låtene. Bandet bruker video på storskjerm der moglegheita byr seg. Det blir det i Fosnavåg! Velkomen laurdag 29. januar!

Bandet:

Jan Gunnar Åkre – Tangenter og vokal
Svein Riise – Vokal
Børre Lervåg Dalhaug – Trommer
Ole Tommy Blomvik – Vokal og gitar
Bjørn Helge Lervåg – Bass
Pål-André Måseidvåg – Gitar og vokal
Roger Hauge – Vokal og perkusjon
Finn Thorsen - Gitar

Koristar:

(Blir snart oppdatert)